Israelske busetjingar (òg omtalt som jødiske busetjingar) er samfunn busett av israelarar (jødiske nybyggjarar) på området som vart okkupert av Israel under seksdagarskrigen i 1967, og som ikkje er godkjent av internasjonal rett. Slike busetjingar finst per i dag på Vestbreidda, som er delvis under israelsk militær kontroll, og delvis under kontrollen til den palestinske sjølvstyresmakta, og i Golan, som er under israelsk sivil kontroll.[1]
Uttrykket gjeld òg for følgjande område:
Aust-Jerusalem, som vart inkorporert innanfor Jerusalems distriktsområde, sjølv om denne de jure]-anneksjonen under Jerusalem-lova ikkje er respektert av det internasjonale samfunnet; og[2][3]
Golanhøgdene, der militært styre i 1981 vart avløyst av israelsk sivilt styre med administrasjon og juridisk makt under Golanhøgde-lova.
Det var ytterlegare 18 busetjingar på Sinai-halvøya, 21 på Gaza-stripa og 4 i Samaria-regionen på den nordlege Vestbreidda. Dei vart fråflytta som følgje av israelsk tilbaketrekking i 1982 (Sinai) og 2005.
Talet på israelske busetjarar på Vestbreidda aukar tre gonger så raskt som resten av folkesetnaden i Israel. I følgje ein rapport frå januar 2009, utgjeve av den israelske organisasjonen Peace Now, auka mengda nye bygningar i busetjingane med nesten 60 % frå 2007 til 2008. Det går òg fram frå rapporten at dei såkalla utpostane, som i motsetnad til busetjingane ikkje er anerkjent av den israelske regjeringa, var nybygginga meir enn dobla. Rapporten hevdar vidare at busetjarane drog fordel av krigen mellom Israel og Hamas: «Medan all merksemd var vendt mot Gaza-krigen, kunne busetjarane upåakta byggja nye vegar».[4]
↑* «Israel, the homeland of the Jews, was established in Palestine in 1948. The Palestine Liberation Organization, under Yasir Arafat, is committed to establishing a Palestinian state, which would include territory on the West Bank and Gaza Strip now partially occupied by Israel.» Palestine, The New Dictionary of Cultural Literacy, Tredje utgave. 2002.
«Though Israeli forces withdrew from Nablus and parts of Ramallah on Sunday, traversing war-torn West Bank territory still under partial occupation makes for a difficult trip to school.» Taylor, Catherine. «Palestinian schools hit hard by conflict», Christian Science Monitor, 23. april, 2002.