Istid

Under ei istid er det isdekke over områda nær polane
Figuren viser variasjonar i temperatur, CO2-innhald og partiklar frå Vostok-iskjernar dei siste 400 000 åra

Istid er ein langvarig klimaperiode med låg temperatur på heile eller delar av jorda. Dette fører til at isdekket aukar nær polane og i høgtliggjande fjellområde mot ekvator.

Glasiologar nyttar ofte omgrepet «istid» om ei periode der det er isdekke på båe hemisfærane, og med denne definisjonen er vi i ei istid i dag på grunn av isdekket på Grønland og Antarktis.

I daglegspråket nyttar vi oftare uttrykket istid om dei periodane dei siste fem millionar åra då store delar av Eurasia og Nord-Amerika var dekte av is. I så fall slutta den siste istida for om lag 10 000 år sidan.

Denne artikkelen nyttar det formelle glasiologiske omgrepet istid og nyttar omgrepa glasial periode om dei kaldare periodane og interglasial om dei varmare periodane.

Det har vore mange glasiale periodar på jorda dei siste millionar åra. Tidlegare var frekvensen mellom dei om lag 40 000 år, men no er me inne i ein syklus der frekvensen har vore på 100 000 år. Flest studiar tek føre seg dei seinaste glasiale periodane. Det har vore fire store og fleire små glasiale periodar i den nyare geologiske historia.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy