Jakarta

Jakarta
Byprovins
Våpenskjold
Offisielt namn: Daerah Khusus Ibukota Jakarta – «Den spesielle hovudstadsregionen Jakarta»
Motto: Jaya Raya – «Sigrande og stor»
Kallenamn: Den store durianen
Land  Indonesia
Provins Jakarta
Del av Jabodetabek
Høgd m
Areal 662 km²
Folketal 10 562 088 (2020)[1]
Borgarmeister Heru Budi Hartono
Retningsnummer +6221
Kart
Jakarta
6°10′30″S 106°49′39″E / 6.175°S 106.8275°E / -6.175; 106.8275
Wikimedia Commons: Jakarta

Jakarta (også DKI Jakarta) er hovudstaden og den største byen i Indonesia. Jakarta ligg på nord-vest kysten av Java, har ei landflate på 661,52km2 og eit innbyggjartal på 10 562 088. Byen er økonomisk, kulturelt og politisk sentrum for Indonesia, den største byen i Søraust-Asia og den tolvte største byen i verda. Storbyområdet, kalla Jabodetabek, er det sjette største i verda. Byen har tidlegare heitt Sunda Kelapa (397–1527), Jayakarta (1527–1619), Batavia (1619–1942) og Djakarta (1942–1972).

Etter tuftinga på 300-talet, vart Jakarta ein viktig hamne- og handelsby for Sunda-kongedømet. Som Batavia voks den seg stor som hovudstaden for Nederlandsk Austindia. Byen fekk namnet Jakarta i 1942 under den japanske okkupasjonen av Java, og vart hovudstaden i Indonesia då landet vart sjølvstendig etter Den andre verdskrigen.

Viktige landemerke i Jakarta er mellom anna Den indonesiske børsen, Indonesias Bank, og Nasjonalmonumentet (Tugu Monas). Byen er sete for ASEAN-sekretariatet. Han har to internasjonale flyplassar, Soekarno-Hatta og Halim Perdanakusuma, og hamna Tanjung Priok. Byen har fleire intercity- og pendlar-toglinjer og fleire bussruter som fer på særskilte bussvegar.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.citypopulation.de/php/indonesia-admin.php.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by razib.in