Jane Austen

Jane Austen

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia
Fødd 16. desember 1775
Steventon i Hampshire
Død

18. juli 1817 (41 år)
Winchester

Yrke skribent, novelleforfattar, romanforfattar
Språk engelsk
Sjanger kjærleiksroman, gotisk litteratur
Religion Den anglikanske kirke
Far George Austen
Mor Cassandra Austen
Signatur
Jane Austen på Commons
Jane Austen teikna og måla av systera Cassandra, ca. 1810.

Jane Austen (16. desember 177518. juli 1817) var ein britisk forfattar. Bøkene hennar var nyskapande innan romansjangeren, og er blitt klassikarar innan engelsk litteratur som stadig blir lesne og filma. Austen fortel tilsynelatande lette romantiske historier om heltinner som søker og får ektemenn. Stilen er humoristisk og lettlesen, med truverdige, runde hovudpersonar gjenkjennelege karikaturar som bipersonar. Austen er blitt elska for dei vakre skildringane av den øvre middelklassen i sine høflege samkomer og idylliske engelske landskap, men er også blitt kritisert for ikkje å ha lagt noko vekt på arbeidarar eller slavar som la grunnen for dette lettvinte livet. Annan litteraturkritikk har derimot hevda at Austen sine bøker i grunnen er ein kritikk av heile samfunnssystemet, og er særs treffande nett fordi han berre tek opp emne ho hadde god kjennskap til.

Ozias Humphry sitt måleri av ei ung kvinne som kan vera den unge Jane Austen.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy