Jarl

Om namnet, sjå namnet Jarl
Sigvalde jarl i illustrasjon til Olav Tryggvasons saga av Halfdan Egedius.

Jarl er ein norrøn tittel som vart brukt i England og heile Norden i vikingtida. I moderne tyding er ein jarl ein britisk adelsmann med rang etter marki.[1] Ein jarl var opphavleg ein hovding med makt over eit folk eller eit større område. Tittelen er ein eldgamal, sjølvstendig hovdingtittel som truleg er eldre enn konge-tittelen[2].

Seinare fekk tittelen eit endra innhald, «kongens jarl», som styrte landsdelar eller heile land på vegne av ein konge. I dag finst tittelen som earl (eorl) i Storbritannia, medan han har utvikla seg til mannsnamna Jarl og Jarle på norsk.

Den eldste nemninga tyder truleg 'fri mann av god ætt og høg byrd'. Tittelen erilaR, som finst på mange norske og vest-svenske runesteinar[3][4] frå urnordisk tid, skal då tyda herul og, i overført tyding, runemeister, kultprest; ein held føre at ordet også kan ha gitt opphav til jarletittelen.

  1. «jarl» i Nynorskordboka.
  2. Harald Hårfagre : hans ætt, historie og kongedømme av Gustav Heber, Oslo 1934 – (s.124 - om jarletittelen)
  3. Runehammeren på Innholmen Veblungsnes (EIRILAR WIWILA)
  4. Veblungsnes-runene Avisinnlegg 1980

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy