Jimmy Page | |||
| |||
Fødd | 9. januar 1944 (80 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Heston | ||
Fødenamn | James Patrick Page | ||
Alias | ZoSo | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1958 til i dag | ||
Sjanger | Hardrock, heavy metal, bluesrock, rock and roll, folkrock | ||
Instrument | Gitar, mandolin, dulcimer, theremin, bass, banjo, munnspel, dobro, sitar, klaverinstrument, tamburin, tamboura, lirekasse, pedalsteelgitar | ||
Kjende instrument | Jimmy Page Signature Les Paul Gibson EDS-1275 Fender Telecaster Danelectro Shorthorn Gibson J-200 Gibson RD Gibson Hummingbird | ||
Tilknytte artistar | The Yardbirds, Led Zeppelin, The Honeydrippers, The Firm, Coverdale and Page, Page and Plant, Herman's Hermits, XYZ, Joe Cocker, The Edge, Jack White, Donovan | ||
Plateselskap | Swan Song, Atlantic, Geffen, Fontana, Mercury | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, plateprodusent | ||
Gift med | Patricia Ecker, Jimena Gómez Paratcha | ||
Sambuar med | Jackie DeShannon, Scarlett Sabet | ||
Prisar | offiser av Den britiske imperieordenen, Kennedy Center Honors, MOJO Awards |
James Patrick «Jimmy» Page, OBE (fødd 9. januar 1944) er ein engelsk gitarist, låtskrivar og plateprodusent. Han starta karrieren sin som studiomusikar i London før han vart medlem av The Yardbirds frå 1966 til 1968. Etter det starta han det engelske rockebandet Led Zeppelin.
Han vert ofte rekna som ein av dei viktigaste og mest påverkande gitaristane og låtskrivarane i rockehistoria.[1][2][3] Rolling Stone har skildra han som «ypparstepresten i power-riff og truleg den mest digitalt sampla artisten i pop i dag etter James Brown.»[4] I 2010 vart Jimmy Page rangert på andreplass på lista til Gibson over dei 50 beste gitaristane gjennom tidene[5] og i 2007 på fjerdeplass på lista til Classic Rock Magazine over dei 100 villaste gitarheltane.[6] Page vart rangert på niandeplass på lista til Rolling Stone over dei 100 største gitaristane gjennom tidene i 2003.[7] Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame to gonger, ein gong som medlem av The Yardbirds (1992),[8] og ein gong som medlem av Led Zeppelin (1995).[9]