Jondalstunnelen

Jondalstunnelen
Kart som syner vegen mellom Norheimsund og Odda om Jondalstunnelen og Folgefonnstunnelen.
VegFv107
KommuneJondal
FylkeVestland
Lengd10 000 meter[1]
Køyrehøgd4,6 m
Trafikk920 (2023)[2]
Opna7. september 2012[3][4]
BompengarInnkrevinga avslutta i 2020.
Kart
Jondalstunnelen
60°10′53″N 6°17′14″E / 60.1815°N 6.28722°E / 60.1815; 6.28722

Jondalstunnelen er ein vegtunnel som går frå Nordrepollen i Kvinnherad til Torsnes i Jondalfylkesveg 107. Vegen om Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen er skildra som den snøggaste og tryggaste vegen mellom Bergen og Odda, og dermed også eit alternativ for vegtrafikken mellom Bergen og Oslo.[5] Tunnelen oppstod som ein idé då planane om Folgefonntunnelen kom. Men tunnelplanane møtte mykje motsand, særleg frå dei som kjempa for alternativ lenger inne i fjorden, men også frå Kvinnherad-sida.[6] Ein eigen folkeaksjon vart skipa i 2002 for å arbeida for bygging av tunnelen, og fekk namnet Jondalstunnel Nå. Politikarar i Hardanger arbeidde for å skaffa finansiering til prosjektet og 24. juni 2009 underskreiv Statens vegvesen kontrakt med entreprenøren Kruse Smith AS om bygging av tunnelen.[7] Vegen vart offisielt opna den 7. september 2012 av statsminister Jens Stoltenberg.[8][9]

Tunnelen er 10 km lang, og prosjektet vart rekna å koste om lag 886 millionar kroner. I tillegg til sjølve Jondalstunnelen, omfatta prosjektet Ødegårdstunnelen(Torsnestunnelen) på 580 meter, veg i Nordrepollen på 540 meter, hovudveg i Jondal på 1485 meter og tre bruer.

  1. Nasjonal vegdatabank, Wikidata Q55698494 
  2. «Trafikkdata Fv49 Jondalstunnelen». Statens vegvesen. 
  3. «Jens åpner Jondalstunnelen». bt.no. 31. juli 2012. Henta 24. august 2012. 
  4. «Opna Jondalstunnelen». Regjeringen.no. 7. september 2012. Henta 7. september 2012. 
  5. Omstridd suksesstunnel - Leiar i BT om Jondalstunnelen i eit større bilete.
  6. Les Jondalsmagasinet i dagens HF Hardanger Folkeblad i eit eige bilag i høve Jondalstunnelen
  7. Fv 107 Jondalstunnelen – underskriving av kontraktar Arkivert 2012-05-27 ved Archive.is Statens vegvesen - besøkt 05. mai 2011
  8. Stoltenberg kjem til Jondal Hardanger Folkeblad siterer ein pressemelding frå fylkesvaraordførar i Hordaland fylke Mona H. Hellesnes
  9. Gjennomslag i Jondalstunnelen[daud lenkje] Statens Vegvesen oppgjer 1. september 2012 som ein forventa opningsdato.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy