Joy Division

Joy Division
Aktiv1976–1980
Sjangerpost-punk
PlateselskapFactory Records
PrisarMOJO Awards

Joy Division var eit britisk postpunkband skipa i Salford ved Manchester i 1976. Bandet bestod av Ian Curtis, Bernard Sumner, Peter Hook og Stephen Morris, av som dei tre sistnemnda kom å danna gruppa New Order i 1980. Musikken til Joy Division blir karakterisert av ein hard og tung lyd, med mørk og dyster song.

Gruppa gav berre ut to album; Unknown Pleasures i 1979 og Closer i 1980. Likevel kom ho til å få stor innverknad som pionarar innan postpunk på slutten av 1970-talet.

Det fyrste albumet til gruppa gjorde henne internasjonalt kjend. Før albumet vart utgitt og Joy Division skulle turnera i USA, tok Curtis livet av seg i mai 1980. Andre medlemmar heldt fram under namnet New Order og med ein delvis endra musikalsk retning.[1]

  1. «Joy Division/New Order | Members, History, & Albums | Britannica». www.britannica.com (på engelsk). Henta 20. januar 2022. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by razib.in