Julirevolusjonen

La Liberté guidant le peuple ('Fridomen leier folket') av Eugène Delacroix, eit allegorisk bilde av Julirevolusjonen.

Julirevolusjonen er nemninga på eit opprør som fann stad i Frankrike i tida frå 26. juli til 29. juli 1830.[1] Resultatet av opprøret var at den franske restaurasjonspolitikken etter 1815 vart stogga, vidare borgarrettar vart innførte, og den franske kongen gjekk av. Victor Hugo kallar opprøret «ein halv revolusjon» etterdi dette var eit opprør frå borgarskapet, og sidan arbeidarklassa ikkje var med i stor grad.

  1. Tvedt, Knut Are; Brégaint, David (26. april 2018). «julirevolusjonen». Store norske leksikon (på norsk). 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy