Kaffi

Svart kaffi, overflate med skum.
Pulverkaffi, òg kalla snøggkaffi.
Kaffibønner i ei skål.
Palestinsk kaffihus, 1900.

Kaffi er ein drikk laga av brende og malne bønner frå kaffiplanten, Coffea, som gjev smak til varmt eller kaldt[1] vatn. Kaffien kan serverast som den svarte væska ein då får, eller tilsett mjølkeprodukt, sukker, krydder eller alkohol i ulike kaffidrikkar.

Dei tidlegaste kjeldene som omtalar kaffidrikking kjem frå Etiopia800-talet. Seinare har ein kjelder på bruken frå Egypt, Jemen, Persia, Tyrkia og Nord-Afrika. Frå den muslimske verda kom kaffien til Italia og deretter resten av Europa og Amerika. I dag er kaffi ein mykje elska, oppkvikkande, men òg vanedannande drikk brukt over heile verda.

  1. «A New Trend In Coffee?» på TravelLady Magazine Arkivert 2008-02-17 ved Wayback Machine. – kaffimaskin til å lage kald kaffi med

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy