Kaliber

Ei rund kule til luftgevær med kulekaliber (diameter) 4.5 mm (0,177 tommar)

Kaliber viser til den innvendige diameteren av eit røyr eller den utvendige diameteren av ein vaier, eit stavobjekt eller eit prosjektil til eit skytevåpen. Ordet kjem frå fransk calibre via tysk Kaliber, opphavleg frå det arabiske ordet quâlib, som tyder ‘form’ eller ‘modell’. Arabarane brukte ordet om formene ein støypte kuler i, og dette var også den opphavleg litterære tydinga av ordet caliberengelsk.

Omgrepet vert ofte nytta i høve til skytevåpen om tverrmålet på løpet og prosjektilet i den tilhøyrande ammunisjonen, men det er òg i bruk på andre område.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy