Kalif

Persisk miniatyr som viser Abu Bakr som kalif.

Kalif (arabisk خليفة, 'etterfølgjar, stedfortredar') er ein tittel innan islam om ein leiar rekna som etterfølgjar av profeten Muhammed.

Tittel vart først teken i bruk av Abu Bakr, svigerfaren til Muhammed, då han tok leiarskapen over ummaen, eller det muslimske samfunnet, i år 632. Kalifen regjerte over alle muslimar og vart sett på som det høgaste embete innan det islamske samfunnet.

Kalifatet kombinerte fire funksjonar. Dei ulike regjeringsrollene, som vanlegvis er distinkte funksjonar i dag, var:

  1. Andeleg leiar – den som rettleiar muslimar
  2. Religiøs leiar – den som set i kraft sjarialovane
  3. Politisk leiar – administrerer relasjonar mellom statar og administrerer regjeringa
  4. Militær leiar – den som gjev ordre og utfører militære oppgåver

Kalifane si gjerning var derfor i stordomstida både politisk og religiøs. Dessutan såg ein på kalifen som ein etterfølgjar av viktige truande i fortida, som Noah og Abraham. Kalifen kunne oppfattast som ein «muslimsk pave». I den katolske kyrkja vart dei to første (andeleg og religiøs funksjon) kombinert i paven si gjerning i dag, men Pavestolen var ein gong òg ei viktig politisk makt.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy