Kate Bush

Kate Bush

Fødd30. juli 1958 (66 år)
FødestadWelling i Southeast London i England
FødenamnCatherine Bush
OpphavStorbritannia
Aktiv1975 til i dag
SjangerKunstrock,[1] progressiv rock,[2] alternativ rock,[1] barokkpop
InstrumentVokal, piano, tangentinstrument, bassgitar, gitar, fiolin
Kjende instrumentFairlight CMI
Stemmetypesopran
PlateselskapEMI Records (1975 til i dag)
Columbia Records (USA) (1989–2009)
Legacy Recordings (2010 til i dag)
Fish People (eige selskap) 2011–
Verka somMusikar, vokalist, låtskrivar, plateprodusent
Sambuar medDel Palmer
Prisarkommandør i den britiske imperieorden, Rock and Roll Hall of Fame, Ivor Novello-prisen

Catherine «Kate» Bush (fødd 30. juli 1958)[1] er ein engelsk songar-låtskrivar, musikar, dansar og plateprodusent. Sidan debuten i 1978 har ho vore kjend for ein eklektisk musikkstil som blandar rock, folkemusikk og klassisk musikk, ein særeigen, falsettprega vokal og ein eigen visuell stil prega av mimikk og moderne dans.[3][4]

Bush blei den første kvinnelege artisten til å nå toppen av den britiske singellista med ein sjølvskriven song då debutsingelen hennar «Wuthering Heights» låg på førsteplassen i fire veker.[3] Ho har sidan gjeve ut tjuefem singlar som nådde den britiske topp 40-lista, mellom dei topp ti-hittane «The Man with the Child in His Eyes», «Babooshka», «Running Up That Hill», «Don't Give Up» (med Peter Gabriel) og «King of the Mountain». Ho har gjeve ut ti studioalbum som alle nådde topp 10-lista i Storbritannia. Med albumet Never for Ever frå 1980 vart Bush den første britiske kvinnelege artisten som toppa den britiske albumlista og den første kvinnelege artisten som gjekk rett inn på førsteplassen.[5] Ho er òg den første (og einaste) kvinnelege artisten som har hatt Topp 5-album på den britiske albumlista i fem tiår på rad.

I 1987 vann Bush Brit Award, den britiske spellemannsprisen, for beste britiske kvinnelege artist, og i 2002 fekk ho Ivor Novello-prisen for bidraga sine til britisk musikk. I løpet av karrieren sin har ho vore nominert til tre Grammy-prisar. I 2014 blei ho gjeven den kongelege ordenen Commander of the Order of the British Empire (CBE).[6] I oktober 2017 blei det annonsert at ho var ein av ei nominerte til å takast med i Rock and Roll Hall of Fame i 2018.[7]

  1. 1,0 1,1 1,2 Eder, Bruce. «allmusic ((( Kate Bush > Biography )))». Allmusic. Henta 26. oktober 2012. 
  2. Moy, Ron (2006). «Kate Bush and mythologies of Englishness». Popular Musicology Online. Henta 26. oktober 2012. 
  3. 3,0 3,1 Graeme Thomson (13. mai 2010). «Kate Bush's only tour: pop concert or disappearing act?». The Guardian. «She initially made her mark as a visually unique performer» 
  4. "Kate Bush". NE.se. Henta 5. september 2014.
  5. «Kate Bush – Never For Ever». Liste Stats. Arkivert frå originalen 28. juli 2012. Henta 26. oktober 2012. 
  6. «BBC News – New Year Honours 2013: At a glance». BBC Online. 29. desember 2012. 
  7. France, Lisa Respers (5. oktober 2017). «Rock and Roll Hall of Fame 2018 nominees announced» (Press release). CNN. Henta 6. oktober 2017. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy