Kinesisk

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kinesisk (fleirtyding).
Kinesisk
汉语/漢語;中文
Klassifisering Sino-tibetansk
 Sinittisk
  Kinesisk
Talarar kinesarar
Bruk
Tala i Folkerepublikken Kina, Republikken Kina, Singapore, Indonesia, Malaysia, og i andre kinesisksamfunn verda rundt.
Område Aust-Asia
Kinesisktalande i alt 1,2 milliardar
Rangering 1 (viss rekna som eitt språk)
Skriftsystem Kinesisk
Offisiell status
Offisielt språk i Folkerepublikken Kina, Republikken Kina, Singapore
Normert av i Folkerepublikken Kina: ulike organ(på kinesisk)
Språkkodar
ISO 639-1 zh
ISO 639-2 chi/zho

Kinesisk (汉语/漢語 hànyǔ, 华语/華語 huáyǔ, eller 中文 zhōngwén) er ei språkgruppe i den sinotibetanske språkfamilien. Innan kinesisk tradisjon blir dei mange ulike variantane av kinesisk talespråk gjerne rekna som eitt språk, sjølv om mange dei ikkje er gjensidig forståelege. Lingvistisk kan skiljet mellom desse jamførast med skiljet mellom til dømes dei romanske språka. Skriftspråket har også endra seg over tid, men mykje seinare enn talespråket og har dermed mindre variasjon.

Om lag ein femtedel av folket i verda har ei form av kinesisk som morsmål, og dette er dermed det språket med flest morsmålsbrukarar i verda. Det kinesiske språket (slik det er tala på standard mandarin) er det offisielle språket til Folkerepublikken Kina og Republikken Kina (Taiwan), eitt av fire offisielle språk i Singapore, og eitt av dei seks offisielle språka til Dei sameinte nasjonane.

Kinesisk talespråk er eit tonespråk. Det er i slekt med tibetansk og burmesisk, men ikkje med nabospråka koreansk, vietnamesisk, thai eller japansk. Desse språka har likevel vorte påverka av kinesisk gjennom tidene. Koreansk og japansk nyttar kinesiske teikn i skriftspråka sine, då kalla hanja og kanji. I Nord-Korea nyttar ein ikkje lenger hanja, og hangul er der den einaste skrifta. I Sør-Korea nyttar ein hanja som ein slags utheva tekst. Vietnamesisk har også mange kinesiske låneord, men bruker ikkje lenger kinesiske teikn.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy