Kirtan

Kirtan-framføring med tradisjonelle instrument. Giani Harjit Singh i Kenya på 1960-talet.
Hindi-kirtana utført av lokale ved ein veg i Hauz Khas i New Delhi.

Kirtan eller kirtana er ei religiøs musikkform frå India, utbreidd i hindu-, sikh- og nokre buddhistiske tradisjonar. Han er ein vekselsong mellom solist og kor som særleg blei utvikla i Bengal av Chaitanya. Kirtanar blir ofte framført spontant i tempel, på gater og liknande. Dei kan framførast med instrument, og kan dansast til.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by razib.in