Kjernefysikk

Kjernefysikk er ein del av fysikkfaget som prøver å forstå og skildra dei indre tilhøva i ein atomkjerne, og vart opphavleg rekna som ein del av atomfysikken. No reknar ein vanlegvis berre fenomen som har med elektrona til atoma og elektronskal å gjere til atomfysikken. Sidan elektronrørsla blir avgjort av kjernen og eigenskapane til denne, så dannar kjernefysikken eit viktig grunnlag for atomfysikken. Omvendt kan ein studere atomfysiske fenomen for å få viktige opplysningar om eigenskapane til kjernen. Kjernefysikken kan mellom anna forklara radioaktivitet.

Ein har enno ikkje forstått fullt ut kva som skjer inni atomkjerna (dynamikken i atomkjerna), men dei teoretiske skildringane me har i dag, fungerer tilfredsstillande med visse avgrensingar. Den best dekkande og samtidig mest generelle skildringa er ein skalmodell på linje med skalmodellen for atomet. Me veit at atomkjerna inneheld positivt ladde proton og elektrisk nøytrale nøytron. Desse er igjen bygde opp av kvarkar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy