Kolibriar

Kolibriar
Gyllenhalekolibri (Chrysuronia oenone)
Gyllenhalekolibri
(Chrysuronia oenone)
Eldstrupekolibri (Panterpe insignis)
Eldstrupekolibri
(Panterpe insignis)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Vigors, 1825
Underfamiliar
Florisuginae
Lesbiinae
Patagoninae
Phaethornithinae
Polytminae
Trochilinae

Kolibriar er ei stor fuglegruppe heimehøyrande i Amerika og utgjer den biologiske familien Trochilidae. Med rundt 365 artar og 112 slekter[1] er artane i kolibrifamilien spreidde frå Eldlandet til Alaska, men dei fleste artane lever i Sentral- og Sør-Amerika.[2]

Kolibriar har varierte spesialiserte eigenskapar for å mogleggjere rask og presis manøvrerbar flyging, eksepsjonell metabolsk kapasitet, tilpassingar til høge høgder, sensitive visuelle evner og kommunikasjonsevner, og gjer fugletrekk over lange distansar hos nokre artar. Blant alle fuglefamiliar har hannkolibriar det vidaste mangfaldet av fjørdraktfarger, spesielt i blått, grønt og lilla.[3] Kolibriar er fuglegruppa der ein finn minste kroppsstorleiken, typisk 7,5–13 centimeter. Den minste er bikolibrien på 5 cm og veg mindre enn 2,0 gram, og den største er den 23 cm lange kjempekolibrien, som veg 18–24 gram. Mange kolibriar har relativt lange nebb, og alle er spesialiserte for å hente ut nektar frå blomar, men alle artar et også små insekt.

Menneske blir merksame på kolibriar av den summande lyden som vengeslaga deira skaper. Når dei slår vengene med høg frekvens genererer det læte som er høyrbart for andre fuglar og for menneske. Dei stiller i fast posisjon[4][5][6][7] med raske vengeslag, som varierer frå rundt 12 slag per sekund hos dei største artane til 80 per sekund hos små kolibriar.

Kolibriar har den høgste massespesifikke metabolske rata av noko varmblodig (homeotermisk) dyr.[8][9] For å spare energi når det er mangel på mat og om natta når dei ikkje søkjer føde, kan dei gå inn i torpor (nattleg hypotermi), ein tilstand som liknar på dvale og kan redusere stoffskiftet til 1/15 av normal rate.[9][10] Medan dei fleste kolibriar ikkje er trekkfuglar, har raudkolibrien (Selasphorus rufus) eit av dei lengste trekka blant fuglar på det amerikanske kontinentet, og rører seg to gonger i året mellom Alaska og Mexico, ein avstand på omtrent 6300 km.

Kolibriar delte seg frå søstergruppa si, seglarar og treseglarar, for rundt 42 millionar år sidan. Ein felles stamfar til dei eksisterande kolibriar blir anslått å ha levd for 22 millionar år sidan i Sør-Amerika.

Ifølgje Verdas naturvernunion, IUCN si raudliste 2020 er 9 kolibriartar klassifiserte som kritisk truga, 16 er truga, 11 er sårbare og 22 artar er nær truga.[11] Fleire artar har negativ bestandsutvikling.[2][12] Det norske ordet 'kolibri' svarar til spansk 'colibrí' som er trudd å ha opphav i eit karibisk språk.[13]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet ioc
  2. 2,0 2,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet abc
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet venable
  4. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet haftorn
  5. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet svensson
  6. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet verdensdyr
  7. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet fjelsa
  8. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet suarez
  9. 9,0 9,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Hargrove
  10. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet MBC
  11. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet iucn
  12. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet English
  13. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet job

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy