Komet

Kjernen til kometen 81P/Wild fotografert av Stardust-sonden
Kometen Hale Bopp 29. mars 1997 over Kroatia

Ein komet er ein astronomisk lekam som hovudsakleg består av is. I solsystemet har kometar vanlegvis veldig elliptiske omlaupsbanar rundt sola. Når kometen når det inste av banen vert han synleg fordi sola smeltar av isen og får kometen til å kaste av ei sky av is og damp (ein komethale) i retning ut frå sola.

Kometar blir ofte samanlikna med asteroidar. Vitskapsmenn meiner at nokre asteroidar kan vere utbrente kometar, der sola har fått all isen til å fordampe slik at han ikkje lenger kastar ein hale.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy