Kommunisme

Hammar og sigd har sidan 1917 vorte nytta som eit symbol for kommunistar. Det skal visa fellesskapet mellom proletarar og bønder.

Kommunisme (av latin communis - felles) er ein politisk ideologi grunnlagd av Karl Marx og Friedrich Engels. Kommunisme er òg eit omgrep som vert bruka om det kommunistiske samfunnet, eit klasselaust, statslaust fridomssamfunn, og om dei samfunnsformene som skal fremja ein overgang til eit slikt framtidssamfunn.

Innan marxistisk teori er kommunisme namnet på eit samfunnssystem der den private eigedomsretten er oppheva og eigarskapet til produksjonsmidla er overført til fellesskapet. Sentralt for kommunistane er at samfunnet er klassedelt, og at ein i eit kapitalistisk samfunn har ein konflikt (klassekamp) mellom kapitaleigarar (overklassen eller borgarskapet) og arbeidarar. Ein overgang frå kapitalisme til kommunisme vil innebera at arbeidarklassen tek statsmakta og makta over produksjonsmidla. Kommunistane ser på staten først og fremst som eit middel for ein samfunnsklasse til å undertrykkja ein annan klasse.

Marx meinte at det måtte ein revolusjon (i våre dagar vanlegvis kalla ein sosialistisk revolusjon) til for å ta makta frå kapitalistane. Den første tida etter ein slik revolusjon, fram til samfunnsklassane var oppheva og staten var overflødig, kalla han den første fasen av kommunismen. Dagens kommunistar kallar vanlegvis denne fasen for sosialisme.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy