Konfirmasjon

Bøn for kvar konfirmant i ein norsk konfirmasjon i 2004.
Foto: Pål Berge
Konfirmasjonen, Illustrasjon til Petrus Canisius Catechismus av 1679 (katolsk).

Konfirmasjon (av latin confirmare, «å styrke saman») er eit opphavleg kriste ritual som lenge er blitt brukt til å markera overgangen frå barn til vaksen. I nokre trussamfunn vert konfirmasjonen rekna som eit sakrament, i andre som ei ikkje-sakramental stadfesting eller styrking av konfirmanten, eller som ei forbønshandling.

Konfirmasjonen markerer i norsk folkeleg tradisjon overgangen frå barn til vaksen, noko som har ein klar samanheng med at konfirmasjonen i fleire hundreår var knytt til skuleavslutninga og at konfirmasjon var ein føresetnad for å kunne inngå ekteskap, eller å kunne tre inn i arbeidslivet. Konfirmasjonen gav ny status som blei markert med nye klede, til dømes ei særskild lue for ugifte kvinner, eller ei heil drakt. Det har vore vanleg å få den første dressen eller ein bunad til konfirmasjonen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy