Konkan | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Konkan 15°36′N 73°48′E / 15.6°N 73.8°E | |||
Wikimedia Commons: Konkan |
Konkan eller Karavali er eit område langs vestkysten av India som ligg mellom Ratnagiri og Mangaluru. Innbyggjarane herfrå blir kalla konkani og talar ofte språket konkani.
Konkan har ikkje ein fastlagd definisjon, men kan seiast å strekkja seg frå Damaon i Cambaybukta, langs heile kysten av Maharashtra og Goa, til Kanarakysten i Karwar i Karnataka eller til Malabarkysten i sør. Ein kan også leggja grensene ved elvene Daman Ganga i nord og Gangavalli i sør.[1] Området er avgrensa av Dei vestre Ghatfjella i aust og Arabiahavet i vest. Det gamle området Sapta Konkan strekte seg heilt frå Gujarat til Kerala.[2]