القرآن | |||
Ei side i ein andalusisk koran. | |||
Språk | klassisk arabisk | ||
---|---|---|---|
Blei til | 631 | ||
Sjanger | religiøs litteratur, heilag skrift |
Koranen (arabisk القرآن) er den heilage skrifta i islam. Ho består av profeten Muhammed sine openberringar.
Koranen består av 114 suraer (kapittel), og dei er ordna slik at dei lengste suraene kjem fyrst, og dei kortaste sist, med unnatak av den korte fyrste suraen som er ei sentral bøn i islam.
For dei truande er Koranen bokstaveleg Guds ord, ein kopi av ei himmelsk bok «nedsend» til Muhammed via openberringar. Koranen er skriven på arabisk, og omsetjingar vert ikkje rekna som heilage, men som tolkingar av Koranen.