Krautrock

Krautrock er eit samleomgrep for rock og elektronisk musikk påverka av eksperimentell musikk som oppstod i Tyskland seint i 1960-åra. Uttrykket kom frå korleis den engelsktalande verda tok imot denne musikken på den tida og syner ikkje til eit spesifikt miljø, stil eller rørsle, sidan mange krautrockartistar ikkje kjende til kvarandre. DJ-en John Peel ved BBC har særleg fått æra for å spreie krautrock utanfor den tysktalande verda.

Musikken skil seg hovudsakleg frå tradisjonell blues og rock & roll påverka av britisk og amerikansk rockemusikk opp til då og var med på å danne grunnlaget for elektronisk musikk og ambient musikk, i tillegg til starten på post-punk, alternativ rock og New Age-musikk. Dei viktigaste artistane var Can, Amon Düül II, Ash Ra Tempel, Faust, Popol Vuh, Cluster, Tangerine Dream, Klaus Schulze, Neu! og Kraftwerk.

  1. Mera and Burnand 2006.
  2. Wilson 2006.
  3. Manning 2004.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy