Krepsdyr

Krepsdyr
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilaterale dyr Bilateria
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Brünnich, 1772

Krepsdyr er leddyr med tredelt kropp, todelte ekstremitetar og to par antenner. Dei pustar med gjeller og startar livet med eit naupliuslarvestadium. Gruppa omfattar 52 000 beskrivne artar som lever over heile kloten i eit breitt spekter av økosystem. Dei fleste lever i havet, men ein finn òg grupper som lever heile eller delar av livet sitt på land, t.d. landkrabbar, skrukketroll og kokoskrabbe.

Til krepsdyra høyrer krabbe, hummer, reker, kreps, skrukketroll, rur, vasslopper, tanglopper, eremittkreps og mange fleire. Fleire av artane er kommersielt nyttige, og vert tekne som mat: 10 millionar tonn krepsdyr vert fanga eller avla fram årleg. Dei er òg viktige økologisk - planktoniske artar dannar grunnlaget for dei fleste marine næringskjeder.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy