Krigar

Ein afrikansk krigar.

Ein krigar er ein person som har som livsstil eller yrke å kjempa i krig.

Klassifiseringa av ein person som er involvert i ein kva som helst form for vald er eit spørsmål om perspektiv, og det kan oppstå usemje om denne personen er ei bølle, ein gangstar, ein terrorist, ein opprørar, ein fredskjempar, ein leigemordar eller ein soldat.

Profesjonelle krigarar er menneske som blir betalt for å delta i militære kampanjar. Desse kan delast i to grupper: Soldatar som kjemper på vegner av sitt eige land (eller eit tilsvarande omgrep) og leigesoldatar som kjemper for den som tilsett dei, uavhengig av nasjonalt tilhøyr.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy