Kringkastingssjef

Kringkastingssjefen er administrerande direktør og ansvarleg redaktør i Norsk rikskringkasting (NRK). Han eller ho blir tilsett av styret i NRK, som på si side blir utnemnd av regjeringa. Kringkastingssjefen deltar i drøftingar i Kringkastingsrådet og kan også delta i drøftingar i distriktsprogramråda.

Stillinga som kringkastingssjef er heimla i Lov om kringkasting § 6-3.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy