Krokskogen

60°04′25″N 10°24′30″E / 60.0735°N 10.4084°E / 60.0735; 10.4084

Kart over Oslomarka med Krokskogen teikna inn.
Holsfjorden, ein fjordarm av Tyrifjorden i Buskerud, sett frå Krokskogen.
Foto: Siri Spjelkavik
Krokkleiva av Johan Fredrik Eckersberg, frå Norge fremstillet i Tegninger i 1848

Krokskogen eller Krokskauen er eit skogområde som er delt mellom kommunane Hole, Bærum, Ringerike og Oslo. Krokskogen omfattar området som i aust er avgrensa av Langlielva og vatnet Spålen, i nord av fylkesgrensa mellom Oppland og Buskerud, i vest Ringeriksbygdene og Tyrifjorden, E16 i sørvest og Bærumsbygdene i sør. Grensene mellom Bærumsmarka og Krokskogen følgjer bekken Fløyta slik at garden Kampen ligg på Krokskogen medan serveringsstaden Vensåssetra ligg i Bærumsmarka.

Høgste punktet er Oppkuven på 703,6 meter over havet. Andre høge toppar er Ringkolltoppen på 701,4 meter over havet og Gyrihaugen på 682,1 meter over havet.

Krokskogen vert rekna med til Oslomarka.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy