Kross

Ulike krossar.

Kross (bokmål kors, frå norrønt kross, avleidd frå latin crux via gammalirsk cros) er ein figur der to linjer kryssar einannan, vanlegvis i rett vinkel.[1] Krossforma vert særleg nytta som matematisk symbol og som symbolkristendomen og den kristne kyrkja.[2] Andre tydingar er mellom anna dei fire elementa, himmelretningane eller sameininga av det guddommelege i den loddrette linja og verda i den vassrette.[3]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet SNL
  2. «kross» i Nynorskordboka.
  3. Chevalier, 1997 og Koch, 1955.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy