Krystallform

Krystallform er den ytre forma krystallar kan ha. Krystallforma er ofte gjenspegla i krystallstrukturen til mineralet. Det ytre til ein krystall kjem til uttrykk i dei 32 krystallklassane, og av dei ulike vekstsnøggleikane til krystallflatene.

Dei krystallflatene som er symmetrisk ekvivalente ut frå symmetrien til krystallklassen, blir kalla ei form og blir symbolisert ved Miller-indeksar i klammer {hkl}. Ein krystall kan bestå av éin eller fleire former. «Lukka» former er til dømes bipyramide og terning, «opne» former til dømes prisme, pyramide og pinakoid (to parallelle flater).


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy