Kunstnardalen i Asker

59°51′15″N 10°27′33″E / 59.85417°N 10.45917°E / 59.85417; 10.45917

Hvalstaddalen er ikkje breiare enn at Drammensbanen i den fyrste tida, då banen var smalspora, gjekk på ei trebru tvers over dalen, fotografert av Anders Beer Wilse i 1904. «Kunstnardalen» ligg litt lenger opp i dalen enn der jarnbanen krysser dalen, no på fylling på eit lågare nivå og med tunnel i dalsida.

«Kunstnardalen» eller «Kunstnerdalen» er eit namn som folk i fyrste halvparten av 1900-talet sette på ein lut i øvre parten av det vesle dalføret Hvalstaddalen i Askerbygda i dagens og dåtidas Asker kommune. Årsaka til namnet var dei mange kunstnarane som slo seg ned her frå 1890-talet og frametter, mellom anna ekteparet Tilla og Otto Valstad på eine sida av vegen gjennom dalen, og ekteparet Hulda og Arne GarborgLabråten vis-à-vis. Dette gav opphav til mellom anna den såkalla Askerkretsen av nynorskforkjemparar, med det resultatet at «Kunstnardalen» i tillegg fekk tilnamnet «Målkroken» på folkemunne. Labråten og eigedomen til Tilla og Otto Valstad er no Asker Museum, Valstads samlinger.

Hvalstaddalen er eit lite daldrag som ligg i ei etter måte sterk stigning i sørvestleg lei frå garden Hvalstad og opp mot Skaugum og den flata der mellom anna Asker kyrkje ligg. Vegen gjennom dalen var i si tid ein parsell av hovudvegen mellom Oslo og Drammen, seinar omlagt til dalsida, og i nyare tid avløyst av Europaveg E-18 etter ein heilt annan trasé. Drammensbanen kryssar Hvalstaddalen, og det er ikkje lange vegen frå «Kunstnardalen» til Hvalstad stasjon, med togsamband til Oslo. I tidlegare tider var det òg eit alternativ å ta rutebåt mellom Oslo og Holmen, og eventuelt nytte hesteskyss eller ta beina fatt opp til «Kunstnardalen».


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy