Kvekarane

Kvekarane, òg kalla Det religiøse venesamfunnet (The Religious Society of Friends på engelsk)[1][2] eller berre Venesamfunnet (vanlegvis i bokmålsform som Vennenes samfunn)[3] er eit kristent kyrkjesamfunn, grunnlagt i England midt på 1600-talet. Kyrkjesamfunnet er kjenneteikna av trua på at sjela har umiddelbar kontakt med Gud (det indre lys); det er antiautoritært og prega av nøysemd og fredsæle. Namnet kvekar har samanheng med ordet quake, 'skjelve', og var opphavleg eit utnamn, kanskje gitt fordi nokre medlemmer under møta vart så gripne at dei skolv.

  1. Nettsida til Britain Yearly Meeting of the Religious Society of Friends (Quakers). «Nettsida til Britain Yearly Meeting of the Religious Society of Friends (Quakers), dvs. Kvekarsamfunnet i Storbritannia.» (på engelsk). Nettsida til Britain Yearly Meeting of the Religious Society of Friends (Quakers). Henta 27. februar 2024. 
  2. Friends Publishing Corporation. «Quaker.org» (på engelsk). Friends Publishing Corporation. Henta 27. februar 2024. 
  3. Kvekersamfunnet i Norge. «Kvekersamfunnet i Norge» (på norsk bokmål). Kvekersamfunnet i Norge. Henta 27. februar 2024. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy