La Palma

La Palma
Flagget til La Palma
Flagget til La Palma
Geografi
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 28°40′N 17°52′W / 28.667°N 17.867°W / 28.667; -17.867
Øygruppe Kanariøyane

Areal 706 km²

Høgaste punkt Roque de los Muchachos (2423 moh.)

Administrasjon
Land Spania
Provins Santa Cruz de Tenerife
Største busetnad Los Llanos de Aridane (19 659 innb.)

Demografi
Folketal 86 528 (2008)
Folketettleik 122 /km²

La Palma er ei av Kanariøyane i Spania i Atlanterhavet utanfor nordvestkysten av Afrika. Ho vert stundom kalla la Isla de La Palma for å skilje ho frå dei spanske byane Palma og Las Palmas. Palma viser i alle desse tilfella til palmetre. Historisk vart øya kalla San Miguel de La Palma, som viser til erkeengelen Mikael, sidan øya vart erobra for CastillaMikkjelsmesse i 1492.

La Palma er den mest nordvestlege av Kanariøyane. Ho har eit areal på 706 km² og er den femte største av dei sju store øyane i øygruppa. Ho har om lag 85 000 innbyggjarar, og 18 000 bur i hovudstaden Santa Cruz de la Palma og om lag 20 000 i Los Llanos de Aridane.

La Palma er som dei andre Kanariøyane av vulkansk opphav. Vulkanen stig nesten 7 km opp frå botn av Atlanterhavet. Det går veg heilt opp til toppen av vulkanen, som ligg 2423 meter over havet.[1] Her ligg Roque de los Muchachos observatorium, eit av dei fremste astronomiske observatoria i verda.

Den nordlege delen av La Palma er dominert av Caldera de Taburiente, som er 9 km brei og 1500 meter djup. Kalderaen er omgjeve av fjell på 1600 til 2400 meter over havet. Berre den djupe kløfta Barranco de las Angustias fører inn til dei indre områda av kalderaen, som er ein nasjonalpark. Ein kan berre nå dette området til fots. Dei ytre sidene av krateret er innskore med mange kløfter som strekkjer seg frå 2000 meter og ned til havet.

I 1815 vitja den tyske geologen Leopold von Buch Kanariøyane. Det var etter at han vitja La Palma og Tenerife og kalderaene Las Cañadas og Taburiente at det spanske ordet for kittel, «caldera», vart innført i den geologiske terminologien.

Frå Caldera de Taburiente og sørover strekkjer ryggen Cumbre Nueva seg. Den sørlege delen av La Palma er dominert av Cumbre Vieja, ein vulkanrygg som består av mange vulkankjegler av lava og slagg. Cumbre Vieja er aktiv, men sovande. Det siste utbrotet skjedde i 1971 ved Teneguia-ventilen, som ligg heilt sør i Cumbre Vieja - Punta de Fuencaliente.

  1. ISTAC «Instituto Canario de Estadistica» (spansk)

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy