Lake Vanda | |||
innsjø | |||
Landsat 7-bilete
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Onyx River | ||
Utløp | ingen | ||
Stad | Wright Valley i Victoria Land | ||
- koordinatar | 77°31′47″S 161°34′32″E / 77.52963°S 161.57553°E | ||
Lengd | 8 km | ||
Areal | 5,2 km² | ||
Volum | 160 000 000 m³ | ||
Type | Hypersaltsjø | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Lake Vanda 77°31′47″S 161°34′32″E / 77.529630555556°S 161.57553055556°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Vanda |
Lake Vanda er ein innsjø i Wright Valley i Victoria Land i Ross Dependency i Antarktis. Innsjøen er 8 km lang og har ei djupne ned mot 75 m.[1] Den newzealandske Vanda-stasjonen låg ved breidda av innsjøen frå 1968 til 1995. Lake Vanda er ein hypersalt innsjø og er meir enn ti gonger saltare enn sjøvatn,[2] som er saltare enn Daudehavet og kanskje enno saltare enn Assalsjøen, som er den saltaste innsjøen i verda utanfor Antarktis. Lake Vanda er òg meromiktisk, som tyder at det djupare vatnet i innsjøen ikkje blandar seg med det grunnare vatnet.[3] Det er tre distinkte vasslag som varierer i temperatur frå 23 ºC ved botnen til 7 ºC i det midtre laget og 4-6 ºC i det øvre laget.[4] Han er ein av mange saltsjøar i dei isfrie dalane i Dei transantarktiske fjella. Den største elva i Antarktis, Onyx River, flyt vestover og ut i Lake Vanda. Det ligg ein vêrstasjon ved munningen av elva.
Innsjøen er dekt av eit gjennomsiktig isdekke som er 3,5-4 meter tjukt året rundt, men smelting seint i desember dannar ein ei vollgrav ut til kring 50 meter frå breidda. Isoverflata er ikkje dekt med snø og består av djupe sprekker og smeltelinjer.[4] I dei kaldare månadane frys denne vollgrava til is att.
Det finst ikkje fisk i Lake Vanda eller Onyx River, men det finst mikroskopisk liv som cyanobakterie-algar. Ein har ikkje undersøkt dei djupare vasslaga i innsjøen, berre dei øvre vasslaga, fordi ein ikkje vil forstyrre det naturlege miljøet ved å køyre fjernstyrte undervassfartøy ned i djupet.[4]