Landsby

Landsbyen Rhosilli i Wales sett frå lufta.

Ein landsby er ein mindre folkesett stad der folk bur tett saman, tradisjonelt med jordbruksland omkring. I moderne tid finst også landsbyar som har vokse til små byar, og der ein driv lite eller inkje jordbruk. Buforma er vanleg fleire stader i verda, men i Noreg har meir grisgrendte bygder vore vanlegare. Større norske tundanningar kan tilsvara landsbyar i andre land.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy