Larve

Larve av teppebille (Anthrenus verbasci)
Foto: André Karwath

Ei larve er eit ungt, ikkje kjønnsmoge individ av eit dyr med indirekte forvandling, det vil seie at dyret går gjennom minst eitt stadium mellom egg og vakse individ. Som regel nyttar ein omgrepet det om tilfelle der unge individ er distinkt ulike eldre, både i kroppsbygnad og i åtferd. Døme på dyr med larvar er mellom andre amfibium, fisk, insekt, krepsdyr, blautdyr, sjøpungar og pigghudingar. Det finst larsvestadium hjå nesten alle dyr i havet, og også hjå mange dyr på land.[1]

  1. Rice, ed. by Craig M. Young. Associated eds. Mary A. Sewell ; Mary E. (2002). Atlas of marine invertebrate larvae. San Diego, Calif. [u.a.]: Acad. Press. ISBN 0127731415. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy