Laurie Anderson | |||
Anderson i 1986 | |||
Fødd | 5. juni 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Glen Ellyn i Illinois i USA | ||
Fødenamn | Laura Phillips Anderson | ||
Alias | Anderson, Laura Phillips | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1969 | ||
Sjanger | |||
Instrument | Fiolin, klaverinstrument, perkusjon, vokal | ||
Tilknytte artistar | Lou Reed, Peter Gabriel, Brian Eno, John Zorn, Nile Rodgers, Colin Stetson, Adrian Belew, David Van Tieghem, Janice Pendarvis, Philip Glass, Jean-Michel Jarre | ||
Plateselskap | Warner Bros., Nonesuch/Elektra | ||
Verka som | Musikar, performance-kunstnar | ||
Gift med | Lou Reed | ||
Prisar | Rome Prize, Guggenheim-stipendiet, Wolf-prisen (kunst), Qwartz Electronic Music Awards |
Laura Phillips Anderson (fødd 5. juni 1947),[2] kjend som Laurie Anderson, er ein USA-amerikansk avantgarde-artist,[3][4] komponist, musikar og filmregissør. Ho har arbeidd innan performance-kunst, popmusikk og multimedia-prosjekt.[4] Ho byrja opphavleg å spele fiolin og arbeide som bilethoggar,[5] men dreiv så med ulike performance-kunst-prosjekt i New York i 1970-åra, der ho særskild fokuserte på språk, teknologi og visuelle bilete.[3] Ho vart meir kjend utafor kunstverda då singelen hennar «O Superman» nådde andreplassen på den britiske singellista i 1981. Ho har òg spelt i og regissert konsertfilmen Home of the Brave i 1986.[6]
Anderson er ein pioner innan elektronisk musikk og har funne opp fleire apparat som ho har brukt på innspelingane sine og kunstshowa sine.[7] I 1977 skapte ho ein lydband-boge-fiolin, der ho nytta magnetisk lydband på bogen i staden for hestehår og ein magnetisk lydbandhovud på brua.[8] Seint i 1990-åra samarbeidde ho med Interval Research for å utvikle eit instrument ho kalla ein «talking stick», ein to meter lang batong-aktig MIDI-kontroller som ho kan bruke til å etterlikne lydar med.
Anderson møtte musikaren Lou Reed i 1992, og dei gifta seg i april 2008 og var gift fram til han døydde i 2013.[9][10][11][12]