Lav

Ein uidentifisert bladlav

Lav er eit mutualistisk samliv mellom ein sopp og ein alge der dei to organismane framstår som éin. Algen fotosyntetiserer sukker or lufta, medan soppen vernar ho mot beite. Lav finst over heile verda, ofte under særs tøffe tilhøve, trass i at dei ikkje veks vidare fort. Ein finn dei på mange ulike substrat, mellom anna stein, mose, bark og blad.

Ein reknar med at fenomenet har oppstått fleire gongar i evolusjonshistoria uavhengig av kvarandre. Dei eldste lavfossila er om lag 400 millionar år gamle, men ein trur dei kan vera langt eldre - fossiliseringsprosessar har særs vanskeleg for å skje i dei harde omgjevnadane lavar flest heldt til i.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy