Lava

10 meter høg lavafontene på Hawaii i USA

Lava er smelta stein som vert kasta ut under eit vulkanutbrot. I det lavaen kjem ut av vulkanventilen er han flytande og har ein temperatur frå 700 °C til 1200 °C. Sjølv om lava er forholdsvis viskøs, om lag 100 000 gonger meir viskøs enn vatn, og kan flyte over store avstandar før han vert avkjølt og stivnar. Dette kjem av dei tiksotropiske og pseudoplastiske eigenskapane til lavaen.[1][2]

Ein lavastraum er lava som flyt ut av ein lavaventil i eit ikkje-eksplosivt utbrot. Når lavaen stoppar opp stivnar han og dannar ein magmatisk stein. Uttrykket lavastraum vert vanlegvis berre forkorta til lava. Eksplosive utbrot produserer ei blanding av vulkansk oske og andre fragment kalla tefra i staden for lavastraumar. Ordet «lava» kjem frå italiensk, der det igjen truleg kjem frå det latinske ordet labes, som tyder eit fall eler eit ras.[3][4] Den første bruken av ordet i samanhengen til magma som kjem opp ein vulkan kjem frå Francesco Serao om utbrotet til Vesuv mellom 14. mai og 4. juni i 1737.[5] Serao skildra ein «straum av brennande lava» som ein samanlikning til vatn eller gjørme som renn ned sidene av ein vulkan etter kraftig regn.

Steinsmelte er eit samleomgrep som vert nytta om både lava og magma.

  1. H. Pinkerton og N. Bagdassarov. «ScienceDirect - Journal of Volcanology and Geothermal Research : Transient phenomena in vesicular lava flows based on laboratory experiments with analogue materials». www.sciencedirect.com. Henta 16. juli 2008. 
  2. «Rheological properties of basaltic lavas at sub-liquidus temperatures: laboratory and field measurements on lavas from Mount Etna». cat.inist.fr. Henta 16. juli 2008. 
  3. Merriam-Webster OnLine dictionary
  4. Dictionary.com
  5. Vesuvutbrot i 1738, arkivert frå originalen 28. september 2006, henta 16. juli 2008 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy