Lengdegrad

Lengdegrader

Lengdegrad skildrar ein stad på jorda aust eller vest for ei nord-sør-linje kalla nullmeridianen. Symbolet for lengdegrad vert stundom skrive som den greske bokstaven λ (lambda). Lengdegrad vert uttrykt som ein vinkel som går frå 0° ved nullmeridianen til +180° austover og −180° vestover. I motsetnad til breiddegrad, som har ekvator som eit naturleg nullpunkt, er det ingen naturlege nullpunkt for lengdegrad. Derfor er det vald ein referansemeridian. Britiske kartografar hadde lenge brukt Greenwich-meridianen i London, medan andre referansar vart brukt andre stadar, inkludert El Hierro, Roma, København, Jerusalem, St. Petersburg, Pisa, Paris, Philadelphia og Washington, DC. I 1884 bestemde derimot International Meridian Conference at Greenwich-meridianen skulle vere nullmeridianen.

Kvar lengdegrad vert vidare delt inn i 60 bogeminutt, som igjen vert delt inn i 60 sekund. Ei lengdegrad kan derfor skrivast 23° 27′ 30" E. Skal ein ha større grannsemd må ein omforme minutta og sekunda til desimalar. Ein kan òg uttrykke minutta som desimalar, slik som 23° 27.500′ E. Gradane kan òg uttrykkast som desimaltal: 23.45833° E. For utrekningar må vanlegvis vinkelen omformast til radianar, så lengdegrad kan òg uttrykkast på denne måten som ein brøkdel av π (pi) med forteikn, eller som brøkdel av 2π utan forteikn. I utrekningar vert vanlegvis vest og aust bytta ut med negativt forteikn for den vestlege halvkula. Av og til vert forvirrande nok negative forteikn òg brukt for den austlege halvkula. Årsaka til at den austlege halvkula er positiv er fordi det er konsistent med eit høgrehands kartesisk koordinatsystem der Nordpolen er oppover.

I motsetnad til ei breiddegrad, som nesten alltid er heilt lik seksti nautiske mil eller om lag 111 km, varierer ei lengdegrad mellom 0 til 111 km. Lengda mellom to breiddegrader er cosinus til breiddegraden. Meir nøyaktig er:

ei lengdegrad = (111,320 + 0,373 · sin² φ) · cos φ km

der φ er breiddegrad.[1] Formelen kan også skrivast slik:

ei lengdegrad = (111,320 + 0,373 · (sin φ)²) · cos φ km

Ein kan finne lengdegraden ein stad ved å rekne ut tidsskilnaden mellom posisjonen og UTC-tid. Det er 24 timar i eit døger, 360 grader i ein sirkel og sola flyttar seg 15 grader per time over himmelen. Så om tidssona til ein person er tre timar føre UTC-tida, så er personen nær 45° breidde (3 timar × 15° per time = 45°). Ein kan derimot ikkje finne posisjonen sin nøyaktig, fordi ein kan vere kor som helst innanfor tidssona. For å gjere utrekninga nøyaktig treng ein eit kronometer (klokke) sett til UTC-tid, og ein må finne den lokale tida ved å sjå på sola eller astronomiske observasjonar.

  1. P. Kenneth Seidelmann, ed., Explanatory Supplement to the Astronomical Almanac (Mill Valley, Cal.: University Science Books, 1992).

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy