Letalnica

Letalnica
Letalnica
Namn Letalnica
Plassering Planica
Byggeår 1969
Bakketype Skiflygingsbakke
Tekniske data
K-punkt 185 m
Bakkestorleik (HS) 215 m
Bakkerekord og verdsrekord: 239 m
Tilløp - lengde
Tilløp - vinkel
Høgde på hoppet
Snøggleik på hoppet
Vinkel på hoppet
Vinkel ved K-punkt
Tilskodarkapasitet 50,000
Klubb
Andre bakkar K130, K90, K40, K30, K8

Letalnica Det har blitt sett 28 skiflygingsrekordar i bakken; dagens rekord er på 239 meter, sett av Bjørn Einar Romøren i 2005.

Den første bakken blei konstruert før 1930. I 1934 bygde Stanko Bloudek ein større bakke, ofte kalla mammutbakken. Det første hoppet over 100 meter blei oppnådd i denne bakken av den austerrikske skihopparen Sepp Bradl.

I 1969 blei ein ny skiflygingsbakke bygd av Lado og Janez Gorišek. Sidan 1986, då Matti Nykänen flaug 191 meter, har alle verdsrekordar blitt sett i Planica. I 1994 blei Toni Nieminen frå Finland i denne bakken den første som hoppa over 200 meter.

Infrastrukturen i bakken er utdatert, skihopparane må gå mesteparten av turen opp til toppen. I 2001 kollapsa ein av sidebakkane, Bloudeks gamle K-120-bakke, og han blei ikkje bygd opp igjen på grunn av byråkratiske problem.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy