Liberalisme

Liberalisme (latin: liber; fri) er eit politisk omgrep med opphav i den filosofiske retninga liberalisme, som voks fram ut av idéane til dei store tenkjarane i Opplysingstida. Den opphavlege liberalismen la vekt på å avgrense den politiske makta og framheve dei individuelle rettane i samfunnet i ei tid då konge- og statsmakta var praktisk tala allmektig.

I dag er det fleire politiske retningar som legg krav på å heite (eller vert kalla) liberalisme, mellom anna libertarianisme, sosialliberalisme og amerikansk liberalisme. Dette spekteret av «underretningar» fører til at det er vanskeleg å definere kva liberalismen står for generelt. Det er dessutan mange som meiner at det å vera liberal og å vera liberalist er to forskjellige ting. I kvar region i verda vil den dominerande «liberalistiske» fraksjonen oftast omtale seg sjølv berre som liberalistane, og på det viset legge krav på tydinga av ordet i sitt land eller sin region. Ein brite vil med andre ord truleg tenkje på noko anna enn ein USA-amerikanar når dei høyrer ordet liberalisme. I Noreg har vi ingen dominerande parti som klart omtalar seg sjølve som liberalistar, sjølv om Framstegspartiet i størst grad kan vise til opphavet sitt i liberalisten Anders Lange. Venstre omtalar seg sjølve som sosialliberale eller liberale, men ikkje som liberalistar.

Liberalistar vil ofte framheve retten til avvik frå sosiale normer og politiske eller religiøse tradisjonar. Her står liberalismen i kontrast til konservatismen på den tradisjonelle høgresida i vestleg politikk. Då liberalismen òg legg vekt på enkeltmenneska som drivkraft i eit samfunn står liberalistiske ideologiar òg ofte i motsetnad til totalitære og kollektivistiske ideologiar (til dømes kommunisme).


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy