Lingvistisk morfologi

Lingvistisk morfologi er ei grein av lingvistikken, og kan populært definerast som (studiet av) orddanning og ordbøying.

Etter ein meir presis og nøytral definisjon, som ikkje byggjer på definisjonen av orddanning og ordbøying, er at lingvistisk morfologi er (studiet av) kombinerte semantisk-fonologiske relasjonar mellom ord. Jamfør desse relasjonane:

  1. Orda /¹hiŋst/ hingst og /²hope/ hoppe liknar kvarandre mykje semantisk, men ikkje fonologisk. Den sams semantikken er 'hest'.
  2. Orda /¹fæʃkˌfisk/ ferskfisk og /etnu¹graːfisk/~/²etnuˌgraːfisk/ etnografisk liknar kvarandre mykje fonologisk, men ikkje semantisk. Den sams fonologien er /fisk/.
  3. Orda /²gʉlˌfisk/ gullfisk og /¹fæʃkˌfisk/ ferskfisk liknar kvarandre mykje både semantisk og fonologisk. Den sams semantikken er 'virveldyr av rekkja Pisces som lever i vatn og pustar med gjeller'[1] og den sams fonologien er /ˌfisk/.

Relasjonen i døme 3 er morfologisk. Vi har to ulike ord, og det fyrste ordet inneheld eit element som liknar eit element i det andre ordet, og likskapen er både semantisk og fonologisk:

  • /ˌfisk/ 'virveldyr av rekkja Pisces som lever i vatn og pustar med gjeller'

Det er eksistensen av slike relasjonar som gjev grunnlaget for lingvistisk morfologi.

  1. Definisjonen er frå Nynorskordboka: «fisk» i Nynorskordboka.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy