Liverpool | |||
by | |||
Med klokka frå øvst til venstre: Cavern Club, Three Graces i Pier Head (Liver Building, Cunard Building og Port of Liverpool Building), horisonten i handelsdistriktet til Liverpool, Albert Dock og St George's Hall
| |||
|
|||
Kallenamn: The Pool, The World In One City | |||
Konstituerande land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Merseyside | ||
Høgd | 70 m | ||
Areal | 111,84 km² | ||
Folketal | 513 441 (2016) | ||
Grunnlagd | 1207 | ||
Postnummer | L | ||
Retningsnummer | 0151 | ||
Liverpool 53°24′26″N 2°59′30″W / 53.407222222222°N 2.9916666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Liverpool |
Liverpool (ˈlɪvəpuːl) er ein by vest i England. Byen ligg ikkje så veldig langt frå grensa til Wales, på nordsida av fjorden som vert danna av elva Mersey.
Byen er ein av fem sameinte styresmakter i Merseyside. Desse dannar i praksis eit samanhengande urbant område, med ein folkesetnad på ca. 1,36 millionar, der Liverpool har ca. 435 000 (2007). Innbyggjarane blir kalla Liverpudlians eller Scousers. I London vert dei ofte kalla Mickeys eller Mickey Mousers, som er eit Cockney-rimslag (Scouser Mickey Mouser). Deira eige talemål vert kalla Scouse.
Liverpool er den nest største eksporthamna i Storbritannia. Han har ein god del industri, men er prega av industrinedlegging gjennom 1900-talet. Mellom dei mest kjende folka frå byen er dei som var med i musikkgruppa The Beatles. Liverpool har to store fotballag; Liverpool F.C., med heimebane på Anfield og Everton F.C. med heimebane på Goodison Park. I 2008 var Liverpool europeisk kulturhovudstad, samstundes med Stavanger.