Liverpool | ||
---|---|---|
Med klokka frå øvst til venstre: Cavern Club, Three Graces i Pier Head (Liver Building, Cunard Building og Port of Liverpool Building), horisonten i handelsdistriktet til Liverpool, Albert Dock og St George's Hall | ||
Byvåpenet til Liverpool | ||
Kallenamn «The Pool, The World In One City» | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Merseyside | |
Grunnlagd | 1207 | |
Borgarmeister | Joe Anderson | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
111,84 km² | |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik - Byområde - Storbyområde |
434 900 3 888,6 /km² 816 900 1 103 089 | |
Koordinatar | 53°24′N 2°59′W / 53.400°N 2.983°W | |
Høgd over havet | 70 moh | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | L | |
Telefon-retningsnummer | 0151 | |
Nettstad: www.liverpool.gov.uk | ||
Liverpool [ˈlɪvəpuːl] er ein by vest i England. Byen ligg ikkje så veldig langt frå grensa til Wales, på nordsida av fjorden som vert danna av elva Mersey.
Byen er ein av fem sameinte styresmakter i Merseyside. Desse dannar i praksis eit samanhengande urbant område, med ein folkesetnad på ca. 1,36 millionar, der Liverpool har ca. 435 000 (2007). Innbyggjarane blir kalla Liverpudlians eller Scousers. I London vert dei ofte kalla Mickeys eller Mickey Mousers, som er eit Cockney-rimslag (Scouser Mickey Mouser). Deira eige talemål vert kalla Scouse.
Liverpool er den nest største eksporthamna i Storbritannia. Han har ein god del industri, men er prega av industrinedlegging gjennom 1900-talet. Mellom dei mest kjende folka frå byen er dei som var med i musikkgruppa The Beatles. Liverpool har to store fotballag; Liverpool F.C., med heimebane på Anfield og Everton F.C. med heimebane på Goodison Park. I 2008 var Liverpool europeisk kulturhovudstad, samstundes med Stavanger.