Livskraftig

Purpurhegre er ein livskratig fugleart som lever i Asia og Europa.

Livskraftig, standardforkorting LC for engelsk Least concern, er eit omgrep brukt innan raudlisting av artar. At ein art er «livskraftig» tyder at han er vurdert og ikkje rekna som truga. Global raudliste frå 2006 hadde 15 636 oppføringar under «livskraftig».

Artar som ikkje er rekna som livskraftige kan anten vera truga i ein eller annan grad, eller ein kan mangla data på dei. I nokre høve kan også «livskraftige» artar likevel vera truga, anten innanfor eit mindre område (som Noreg), eller fordi tilstanden deira har endra seg sidan siste vurdering (som i nokre høve kan gå tilbake til 2000) og ikkje blitt oppdatert.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy