Lou Reed | |||
Lou Reed i Arlene Schnitzer Concert Hall i Portland i Oregon i januar 2004. | |||
Fødd | 2. mars 1943 Brooklyn i New York i USA | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Brookdale University Hospital and Medical Center, New York by | ||
Død | 27. oktober 2013 (71 år) Long Island i New York i USA | ||
Dødsstad | Southampton, East Hampton, New York by | ||
Fødenamn | Lewis Allan Reed | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1964–2013 | ||
Sjanger | Rock, eksperimentell rock, kunstrock, protopunk, støymusikk, bordunmusikk, psykedelisk rock, folkrock, glamrock | ||
Instrument | Vokal, gitar, ostrich gitar, bass, synthesizer, tangentinstrument, piano, munnspel, trommer, perkusjon | ||
Stemmetype | baryton | ||
Tilknytte artistar | The Velvet Underground, John Cale, Nico, David Bowie, The Killers, Mick Ronson, Gorillaz, Laurie Anderson, Peter Gabriel, Metallica. | ||
Plateselskap | Matador, MGM, RCA, Sire, Reprise, Warner Bros. | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent, fotograf | ||
Gift med | Betty Reed, Silvia Morales, Laurie Anderson | ||
Prisar | Steiger Award, Rock and Roll Hall of Fame, Grammy Award |
Lewis Allan «Lou» Reed[1] (2. mars 1942–27. oktober 2013)[2] var ein amerikansk rockemusikar, låtskrivar og fotograf. Han var mest kjend som gitarist, vokalist og låtskrivar i The Velvet Underground og for solokarrieren sin, som har vart i mange tiår. Sjølv om The Velvet Underground hadde lite kommersiell suksess, hadde gruppa ein trufast tilhengjarskare og har sidan vorte rekna som eit av dei viktigaste banda frå den tida dei heldt på.[3] Som den viktigaste låtskrivaren i Velvet Underground skreiv Reed om personlege tema som sjeldan hadde vorte utforska til då i rock and roll, som seksualitet og dopkultur.
Etter han forlet gruppa, starta Reed ein solokarriere i 1971. Han hadde ein hit året etter med «Walk on the Wild Side».[4] Reed sitt arbeid som soloartist frustrerte kritikarane som ønskte at han skulle vende attende til Velvet Underground. I 1975 gav Reed ut eit dobbeltalbum med feedback-loopar, Metal Machine Music, og kommenterte seinare: «Ingen skal kunne gje ut noko slikt og overleve»[5]
I 2008 gifta Reed seg med songaren og låtskrivaren Laurie Anderson.[6]