Luxembourg | |||
---|---|---|---|
Luxembourg by ligg i fleire dalar og på fleire åsar, slik at planløysinga i byen er noko komplisert. | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Distrikt Kantonar |
Luxembourg Luxembourg Luxembourg | ||
Grunnlagd | 963 | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 51,46 km² | ||
Flatevidd - By |
51,46 km² | ||
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik - Storbyområde |
92.342 1 485/km² 103 973 | ||
Koordinatar | 49°36′42″N 06°07′48″E / 49.61167°N 6.13000°E | ||
Høgd over havet | 230 - 402 m | ||
Tidssone | Sentraleuropeisk tid, UTC+01:00, UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: www.vdl.lu | |||
Plassering | |||
Luxembourg by (luxembourgsk: Lëtzebuerg eller Stad Lëtzebuerg, tysk: Luxemburg eller Luxemburg Stadt, fransk: Ville de Luxembourg) er hovudstad i Storhertugdømet Luxembourg og EU. Han ligg der elvane Alzette og Pétrusse renn saman sør i Luxembourg. Det historiske Luxembourg slott, som vart reist av frankarane i tidleg mellomalder, er opphav til byen.
I 2010 hadde kommunen Luxembourg by 92.342 innbyggjarar, som er nesten tre gonger meir enn den nest største kommunen. Byen sitt storbyområde inkluderer dei omliggande kommunane Hesperange, Sandweiler, Strassen og Walferdange og har 103 973 innbyggjarar totalt. Luxembourg by ligg i hjarte av Vest-Europa, 188 km frå Brussel, 289 km frå Paris og 190 km frå Köln.[1]
Luxembourg by er ein av dei rikaste byane i verda og har utvikla seg til eit bank- og administrasjonssenter. Luxembourg er sete for fleire institusjonar i EU, som EU-domstolen, Revisjonsretten og Den europeiske investeringsbanken.
Gamlebyen i Luxembourg er skrive opp på UNESCO si verdsarvliste.