Lyd

Framstilling av ei lydbølgje frå ei fløyte.

Lyd eller ljod er variasjon i lydtrykket i eit komprimerbart medium, slik som gass, væsker eller fast stoff. Lyd spreier seg frå kjelda som var opphavet til vibrasjonane som bølgjer, med ein fart som er avhengig av mediet og temperaturen. I luft vil lyd spreie seg med ein fart på om lag 340 m/s ved 15 gradar celcius.

Læra om lyd blir kalla akustikk, og læra om korleis lyd blir fanga opp av øyret og vidare oppfatta av hjernen kallar ein psykoakustikk.

Noko som har med lyd å gjere vert kalla sonisk.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy