Lyn

For fotballklubben, sjå FC Lyn Oslo.
Lynnedslag i Eiffeltårnet i 1906 — eit av dei første bileta av lyn i eit urbant område.

Lyn er ei kraftig naturleg elektrostatisk utlading som oppstår i torevêr. Den elektriske utladinga er etterfølgd av eit skarpt synleg lys og andre former for elektromagnetisk stråling. Den elektriske straumen som strøymer gjennom utladingskanalen varmar raskt opp lufta til plasma og utvidar lufta. Dette fører til ei akustisk sjokkbølgje i atmosfæren som ein høyrer som torebrak.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy