Magnus Carlsen

Magnus Carlsen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. november 1990 (33 år)
Tønsberg
Idrett sjakk
Tok del i Verdsmeisterskapen i sjakk 2013, Verdsmeisterskapen i sjakk 2014, Kandidatturneringen i London 2013, VM i sjakk 2016, Tata Steel Chess 2019, VM i sjakk 2018, Sjakk-OL 2004, Sjakkolympiaden 2006, Sjakk-OL 2008, Sjakk-OL 2010, Sjakkolympiaden 2014, Sjakkolympiaden 2016, Tata Steel sjakkturnering, Tata Steel sjakkturnering, Tata Steel sjakkturnering, VM i sjakk 2021
Utmerkingar Sjakk-Oscar, Aftenpostens Gullmedalje, Sportsjournalistenes statuett, Peer Gynt-prisen, Sjakk-Oscar, Sjakk-Oscar, Sjakk-Oscar, Sjakk-Oscar, Folkets idrettspris, Folkets idrettspris, Folkets idrettspris, Folkets idrettspris, world chess champion
Magnus Carlsen i 2008

Sven Magnus Øen Carlsen, betre kjend som Magnus Carlsen (fødd 30. november 1990), er ein norsk sjakkspelar fødd i Tønsberg. Han er verdsmeister og stormeister og har oppnådd den høgaste ratinga gjennom historia med 2882. Carlsen vart i 2009 verdsmeister i lynsjakk. I 2013 vart han verdsmeister etter å hå slått Annand over 10 parti i november.

26. april 2004 vart Carlsen stormeister, berre 13 år og 148 dagar gammal, noko som då gjorde han til den nest yngste stormeisteren i historia. Han har sidan vorte den tredje yngste. I november 2009 fekk Carlsen ein Elo-rating på på Verdssjakkforbundet (FIDE) si ratingliste med 2801. Berre fire andre spelarar har hatt offisiell FIDE-rating over 2800, og med ei alder på 18 år og 336 dagar var han òg den yngste til å klare dette. 1. januar 2010 vart han rangert som nummer 1 på ratinglista med 2810.[1] Han var dermed den yngste som har toppa ein verdsranking i sjakk, og berre seks spelaren har toppa lista sidan FIDE starta sitt ratingsystem i 1970. I januar 2013 gjekk Carlsen forbi ratingrekorden til Garry Kasparov på 2851 poeng frå juli 1999 med ein rating på 2861.

Carlsen er den første norske sjakkspelar som har kvalifisert seg for kandidatturneringa for Verdsmeisterskapen i sjakk. Denne fann stad i mars og april 2013 og Carlsen vann turneringa som gjer at han skal møtte verdsmeister Viswanathan Anand til kamp om tittele i november 2013. carlsen vann verdsmeistertittelen over 10 parti.

Carlsen var kjend for den angripande stilen sin som tenåring, men har sidan vorte ein meir universell spelar. Han fokuserer ikkje like mykje på førebuing av opningstrekk som så mange andre toppspelarar gjer, og spelar mange forskjellige opningar, noko som gjer det vanskelegare for motstandarane å førebu seg mot han.

I 2013 kåra Time Magazine han til ein av dei 100 viktigaste personane i verda.[2]

Han er leiar av Offerspill sjakklubb,[3] som han oppretta i 2019.[4]

I 2019 tapte han VM-finalen i Fischersjakk mot Wesley So.

  1. FIDE – «Top 100 Players January 2010», januarlista 2010.
  2. Kasparov, Garry. «The 2013 TIME 100». Time (på engelsk). ISSN 0040-781X. 
  3. «Carlsen-klubb gir fra seg 35 delegater», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 28. juli 2019 
  4. «Carlsens nye sjakklubb betaler for nye medlemmer: – Han vil kuppe kongressen», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 28. juli 2019 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy